Utval for levekår har i sak 8/21 Barnehagebruksplan for Sogndal kommune og sak 9/21 Høyring skulebehovsplan Sogndal kommune 2021–2036 vedteke å legge ut på høyring to planar som samanfattar dei bygningsmessige behova Sogndal kommune har dei neste 10–15 åra. Desse planane inkluderer ei prognose for framtidig behov ut frå elevtal, samt ei vurdering av dagens bygg og deira funksjonalitet.

Høyringsfrist for begge planane er 10.10.21.

Føremålet med planarbeida er å legge ein langsiktig plan for investeringar i barnehage og skule framover, og det er difor viktig at vi har eit mest mogleg komplett bilete av situasjonen. Gjennom dette skal Sogndal kommune sikre gode pedagogiske rammer for arbeidet vårt, samt rett kapasitet til rett tid. I denne artikkelen vert skulebehova særleg omtala, men i medverknadsprosessane vil informasjon og medverknad skje parallelt og i same møtefora. Sogndal kommune vil legge til rette for informasjonsmøter på ulikt vis. Det vil bli eit samla digitalt informasjonsmøte om begge planane, dette vil det bli lagt opptak av på kommunen si heimeside. I tillegg vil det bli laga kortare videosnuttar som oppsummerer kva planen seier om barnehage og skule innanfor kvar einskild skulekrins.  

For dei tre krinsane der dei største utbyggingsbehova er skissert, Kaupanger, Sogndal sentrum og Leikanger, vil det bli invitert til fysiske høyringsmøte, det kjem eigen invitasjon til desse. Det er mogleg å kontakte Sogndal kommune dersom det er spørsmål til planen, eller behov for å legge til rette ytterlegare medverknadsprosessar.  

Vedtak frå utval for levekår i sak 9/21: 

  1. Skulebehovsplan for Sogndal kommune 2021 - 2036 vert lagt ut på høyring  

  1. Høyringsfristen vert sett til 10.10.21  

  1. Skulebehovsplanen skal slutthandsamast i kommunestyret 28.10.21  

  1. Skulekrinsgrenser står fast både på ungdomstrinn, barnetrinn og oppvekstsenternivå. 

Omtale av høyringsutkast til skulebehovsplan 

Norconsult påpeikar i sin rapport at med 9 grunnskular i Sogndal kommune har vi 7 ulike organisering av trinna (1-4, 1-5, 1-6, 1-7, 6-10, 7-10 og 1-10). Eit hovudgrep dei tilrår er å reindyrke skuleslaga meir og halde seg til alternativa 1-7, 1-10 og 8-10). Elles er deira tilråding oppsummert slik (side 6 i rapporten): 

Tilråding (Norconsult)
Det vert tilrådd slike langsiktige ut- og ombyggingsstrategiar for Sogndal kommune:  

  • Ein felles kombinert 1-10 skule i Leikanger med idrettsfunksjon – ungdomssteget flyttar opp til barneskuletomta. Kommunen bør vurdere volleyballhall som idretts- og gymsalsløysing for skulen. 
  • Ny barneskule 1-7 for Trudvang skule på Kvåle.
  • Kvåle skule 8-10 vert felles ungdomssteg inkl. Kaupanger.  
  • Inga endring av Norane oppvekstsenter: Norane får ifølgje prognosen ei mindre elevtalsvekst i perioden. Det er heller ikkje registrert behov for bygningsmessige tiltak i skuledelen av oppvekstsenteret. Ei overføring av elevane til eventuelle naboskular vil difor krevje auka investeringar her. Vidare driv kommunen ei god pedagogisk verksemd ved Norane og utifrå ei samla vurdering tilrår Norconsult å vidareføre oppvekstsenteret slik som i dag.
  • Om elevane på småsteget ved Fjordtun skal overførast permanent til Sagatun – må vektast mot risiko/ulemper og fordelane dette gjev.

Sogndal kommune bør vurdere fleirbrukshall (handball-flate) som idretts- og gymsalsløysing for sentrum (Kvåle)  Sogndal kommune bør vurdere å utarbeide eit moglegheitsstudie/forprosjekt for å vurdere innpassing av ny barneskule for Trudvang skule 1-7 på Kvåle og ny fleirbrukshall. Eit slikt studie vil og avklåre om det er behov for areala til Kvåle stadion og om denne funksjonen må reetablerast på ny tomt. 

For ei samla og detaljert framstilling av Norconsult sine vurderingar, syner vil til høyringsutkastet til skulebehovsplan: Skulekapasitet, skulebehov og utbyggingsløysingar (PDF)  

Utval for levekår har i punkt 4 i sitt vedtak slege fast at ein politisk ser det som uaktuelt å gjere endringar på skulekrinsgrensene, og at flytting av trinn eller nedlegging av skular ikkje blir politisk vurdert. Det er framleis aktuelt å sjå på endra organisering innanfor skulekrinsar (Leikanger og Sogndal sentrum).  

Gjennomgang av modellane peika på av Norconsult 

Norconsult har utarbeidd tre ulike modellar, med eit a og b-alternativ på modell 0. I modell 1 og 2 ligg ikkje idrettshall inne på ny skule 1-7 i Sogndal sentrum, men kommunestyret har sagt at skuleutbygging må sjåast i samanheng med utbygging av ny fleirbruks- og basishall.  

Det er ikkje slik at vi er nøydde å velje ein av dei modellane som er peika på, det er mogleg å setje saman element frå fleire, men samla sett peikar modellane på ulike måtar å organisere Sogndalsskulen på, og investeringskostnadar knytt til dette.  

Høyringsinnspel 

Sogndal kommune ynskjer å velja løysingar som kan bidra til å nå samfunnsplanen sine satningsområde: 

  • Best på oppvekst
  • Skapt for aktiv livsstil
  • Kompetansemiljø i eliteserien 
  • Fruktbare tettstadar 
  • Utviklingslokomotiv i Sogn 

Sogndal kommune ber alle som er interesserte i utviklinga av barnehage- og skulebygga våre, koma med innspel.

 Dei som vil levere høyringsinnspel til skulebehovssplanen, kan gjera det innan 10.10.21. 

Lever høyringsuttale